Introduksjonsprogram for nytilsette

I Den norske kyrkja ynskjer vi at alle nytilsette får ein god start. Målet er at nytilsette skal få bekrefta at vi er ein trygg og profesjonell arbeidsgjevar, gjennom ein heilskapleg introduksjon inn i Den norske kyrkja som arbeidsplass. Vi ynskjer òg å gje trygge rammer og ein introduksjon som er lett å kjenne igjen av nytilsette på tvers av bispedøme. 

Eit godt introduksjonsprogram og tett oppfølging av nytilsette kan ha mange fordelar: 

  • Det er viktig for at den nytilsette skal kome raskt i produktivt arbeid, sikre god kvalitet på tenestene, førebyggje feil og fremje samarbeid
  • Det kan sørgje for motivasjon, meistring og mindre gjennomtrekk («turnover») og dessutan betre forståing rundt eiga og andre sine roller
  • Organisasjonen og leiarane kan få eit betre og meir riktig bilde av den nytilsette
  • Det er eit viktig hjelpemiddel gjennom prøvetida for å sikre at den nytilsette får nødvendig opplæring og orientering om verksemda sine rutiner
  •  Det kan òg gje positive verknader som auka trivsel og eit vidare godt arbeidsmiljø

Næraste leiar har overordna ansvar for at introduksjonsprogrammet blir sett i verk og følgast opp, og kan få støtte frå HR og andre på dette. 

NB: Introduksjonsprogrammet for nytilsette (sjå fil nedst på sida) kan vere under endring, men bli regelmessig oppdatert.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"